KREATIVITET
OMTANKE
portefølje
Eg jobbar i spennet mellom det tradisjonelle og det moderne, med ein metodisk prosess som let detaljane vekse fram med meining.
Per i dag er porteføljen min digital. Eg har enno ikkje opparbeidd meg ein tradisjonell interiørportefølje, men arbeider i staden med nøye utforma, fiktive rom. Desse prosjekta gir eit ærleg innblikk i formspråket mitt, breidda i arbeidet mitt og korleis eg tenkjer rundt rom, stemning og heilskap.
Det som begynte som eit lidenskapsprosjekt har evolvert seg til noko meir. Eg er stolt over kva eg har fått til så langt og er endå meir spent på det som ligg på vegen framover. Det som skil meg ut er ikkje berre prosessen - det er intensjonen bak arbeidet. Eg tar meg tida til å forstå, utforske og skape med intensjon.
Nedanfor ser de eit bibliotek med bilete av mine digitale rom. Klikk innpå bileta, bruk piltastane eller sveip for å bla gjennom.
Arbeidsmåten min er utforskande og lagvis, der eg finjusterer rommet til det kjennest naturleg, roleg og forankra.
La oss jobbe saman
Om du er interessert i å jobbe med meg, fyll ut informasjonen i skjemaet ved sida av. Eg ser fram til å høyre frå deg!