Om Studio Fürstenberg

Eg arbeider med å utvikle og fullføre klassiske heimar - med fokus på heilskap, materialer og varige løysingar.

Mange bustadar har gode kvalitetar i botn, men manglar samanheng. Gjennom analyse og strategiske val arbeider eg med å forsterke det som har verdi, og skape ein tydeleg retning før oppussing tek til, eller når alt er ferdig - men du merkar at noko manglar eller ikkje er heilt slik som du ynskjer.

Arbeidet mitt tek utgangspunkt i arkitekturen, historia til huset og deg, og rammene som allereie finst. Målet er ikkje å endre mest mogleg - men å gjere dei rette vala, slik at heimen får ro, balanse og tyngde.

Om meg

Eg er grunnleggjar av Studio Fürstenberg, og arbeider med interiørdesign for private heimar.

Mi tilnærming er analytisk og strukturert. Eg er oppteken av proporsjonar, material og samanhengen mellom rom - og av å skape løysingar som står seg over tid.

Eg har ein særleg kjærleik for antikke element, og arbeider ofte med å integrere desse som naturlege og berande delar av interiøret. For meg handlar det ikkje berre om kontrastar, men om samspel - der nytt og gamalt får styrke kvarandre.

To personer rister hender innbyrdes i et håndtrykk mot en beige vegg.

La oss jobbe saman

Om du er interessert i å jobbe med meg, fyll ut informasjonen i skjemaet ved sida av. Eg ser fram til å høyre frå deg!